Det er ved leirbålet dei gode historiane blir fortalde.

 

Ei komplett produksjonsteneste for forteljingar på lyd

Verksemda

 

Så lenge me menneske har hatt eit språk og visst korleis me gjer opp eld, har me samla oss rundt bålet for å fortelje historier.

Og heilt sidan Edison fann opp fonografen, har teknologien gjort det mogleg for fleire å ta del i forteljingane og lesefellesskapen.

Me trur lydboka har eit ubrukt potensiale - både når det gjeld lydkvalitet, tekstformidling, kunstnarleg utforming og teknisk format, og det har me tenkt å gjere noko med.  

I lysninga der litteratur og lyd møtest, finn du oss - i djup konsentrasjon for å sjå til at forteljingane kjem gjennom og rører ved dei som lyttar.

 
Teikna illustrasjon av Edisons fonograf

Fonograf

Staden

 

Me held hus i Brenneriveien 5, andre etasje, i det shabby-kreative nabolaget til Blå, Ingensteds og Bortenfor, rett ved Akerselva.

 
 
Fotografi av inngangspartiet til Brenneriveien 5

Brenneriveien 5 - fasade

 
 
 

Her driftar me 4 talestudio og 1 mastringrom. Studioa og tilhøyrande utstyr held venteleg høg standard. Me har òg eit rom me nyttar til både podkastproduksjonar og møte, eit velutrusta fagbibliotek, eit triveleg kjøken, kafé i første etasje, og ikkje minst ein flott takterasse om ein treng å trekke vêret.

Skisse av lokalet

For å kome til oss kan du ta buss 34 og 54 til Møllerveien, eller trikk 11, 12 & 18 til Schous plass.

 

Folka

 
Fotografi av Roald Hellum Madland
 
 

Eg heiter Roald Hellum Madland og har språk, litteratur, musikk og lyd i fagkretsen, som dei seier. Gjennom dei siste 14 åra har eg vunne mykje og mangslungen erfaring med lydbokproduksjon i teneste for Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, Lydbokforlaget og no Leirbålet. Eg brenn for lyd, den gode historieforteljinga og universell utforming, og har trua på konsept- og talentutvikling gjennom samtale, rettleiing og tilbakemelding.

 

Ta kontakt

Fortell oss kva behov du har og høyr korleis me kan hjelpe deg