
Me er gode på:
-
Lydbok
Med eit overordna fokus på tekstformidling og lydkvalitet, kan me ordne med prosjektleiing, casting, kontrakthandtering og honorering av innlesarar, innspeling (med og uten teknikar), lydetterarbeid og mastring.
I tillegg fiksar me kontentum, musikk og lydeffektar dersom du ønsker berika lydforteljingar.
Me leverer lydbøker av høgaste kvalitet i alle dei vanlegaste formata: audiobook, W3C audiobook, DAISY og EPUB3 med synkronisert tekst og lyd.
-
Podkast
Har du ein idé til ein pratepodkast, eller lurer på korleis du kan presentere ei sakprosabok i podkastformat?
Me kan bistå deg med å utvikle konseptet ditt, tilpasse eller utarbeide manus for lyd, finne dei rette stemmene, spele inn, redigere, mastre, strukturere, transkribere og publisere.
-
Lyddrama
Eit skikkeleg godt lyddrama eller høyrespel kan opplevast som ein film for øyret, men produksjonen treng ikkje koste Hollywood-skjorta.
Me kan bistå deg i manusarbeid og gi gode råd om korleis du effektivt kan fortelje på lyd, me kan stå for casting, regi, innspeling, lydlegging, og musikk, og me kan hjelpe deg å finne dei beste løysingane til ditt budsjett.
-
Audioguide
Audioguidar kan vere ein måte å gjere museum meir tilgjengelege for ei breiare og meir samansett besøksgruppe, gjennom til dømes å tilby informasjon på fleire språk; synstolking eller bildebeskrivingar for dei som treng det; innhald som retter seg mot ulike aldersgrupper eller kognitive funksjonsnivå.
Me kan hjelpe med å produsere lydinnhald av høg kvalitet, saman med folka dine (som kan vere historikarar, konservatorar eller kuratorar) og profesjonelle formidlarar og skodespelarar. Me kan òg vere med å rettleie i floraen av tilgjengeleg infrastruktur og programvare.
-
Universell utforming
Me brenn for eit samfunn der alle får vere med, og vil gjerne hjelpe deg med å gjere litteratur på lyd tilgjengeleg for fleire.
Me sørger for at lydboka, lyddramaet eller podkasten din møter komande krav til universell utforming slik at alle får plass rundt leirbålet, og ser til at kunnskapen får bli igjen i verksemda di òg.
Saman kan me bygge tilgjengelegheit inn i produksjonslina di!

Ta kontakt
Fortell oss om prosjektet ditt og høyr kva me kan gjere for deg