Me tenner Leirbålet!
I dag har me fått nøklane til det fine lokalet som snart skal huse alle slags soger, skrøner, saksframlegg, anekdotar, tankesprang, stereotypiar og overraskande vendingar, unge elskande og forherda hjarte, komiske skikkelsar, lykkelege sluttar og tragiske endelikt, og - ikkje minst - alle dei flinke folka som skal formidle dette stoffet!
No ser me fram mot ein periode med hektisk aktivitet (møbler skal monterast, studio skal byggast, kablar skal trekkast, lydutstyr skal koplast opp og testast) før me opnar dørene og står klare for innspeling medio oktober.
L’aventure commence.