Studioa er på plass

Me har brukt haustferien godt og fått montert dei nye modulbaserte studioa våre frå tyske STUDIOBOX GmbH med god hjelp frå STUDIOBOX sine dyktige teknikarar, gaffeltruck m/førar frå Maritime truck og dei flinke folka ved Grünerløkka flyttebyrå: Marko, Martin, Andreas, Johannes & Francesco. Sjølve bygginga tok knappe to dagar - i timelapsen over har me klippa vekk litt dødtid. No gjenstår det å opne ein del pappesker og trekke ein del kablar, så er me klare for å produsere!

(Og om du vel å høyre for deg noko ragtime-piano eller “Yakety Sax” medan videoen spelar er det ingen som kan ta deg for det.)

Forrige
Forrige

Rammeavtale med Aschehoug

Neste
Neste

Første oppdrag ferdig